Tilknytta
Noregs Mållag

 


Tilknytta Noregs
Ungdomslag


Leiarteigen

No er ei våt jul over og eg ventar på lysare dagar. I romjula bad Vibå til dans tredje dagen. Mange danseglade menneske var samla og stemninga var god. Eg gler meg til å starta opp att i 2012 i BUL. Når ein snakkar om 2012, så har me i styret kome fram til at Leikarringen kan sjå tilbake på 100 års aktivitet i Bondeungdomslaget. Eg reknar med at vi vil markere dette jubileet på skikkeleg vis i løpet av året; så følg med på hva som skjer.

Men første halvår byd og på anna aktivitet, som dei faste øvingane i Leikarringen og søndagsdansane. Siste helga i januar skal BUL vera teknisk arrangør av Storkurset i Rogaland Ungdomslag. Her er mange kurs både i dans (instruktørkurs, Rogalandsdans og dans for barn), teater, spel og kveding samt eige kurs ved bunadnemnda i brodering på tyll og perlestrikking. Påmeldinga gjekk ut 31. desember, men det kan framleis vera plasser att på enkelte kurs. Om du ikkje skal på kurs, så kan du vera med på fest laurdagskvelden med middag dans og underhaldning. (Se plakat annan stad i Holmgang)

7. februar vert det årsmøte i BUL og vi vonar å få med nokre nye tillitsvalde til laget. Møtet byrjar kl. 19.00 så møt opp og ver med på å leggja planar for laget framover!. Her vil ein og velja utsendingar til Landsmøtet i Noregs Ungdomslag, så grip sjansen til å møte andre ungdomslagsfolk frå heile landet i Oslo i april! Til sommaren er vel planane lagt for festival då mange reiser til Nordlek i
Steinkjer 10-15 juli. Eg vonar mange frå BUL tek turen nordover. Vi jobbar med å få til eit felles opplegg saman med Klepp og Sandnes når det gjeld overnatting. Programmet for Nordlek er innhaldsrikt og kan studerast nærare på heimesida; www.nordlek.no.


Det vert dans i fleire salar, mange gode konserter og eit mangfaldig kurstilbod. ”Frikar” vil komma samt eit nordisk prosjekt med dei ypparste unge dansarar og musikarar samla frå dei nordiske landa.
Det vert og store og små oppvisningar så det vert høve til å lufte bunaden. Vi satsar på å gå gjennom både dei norske og nordiske fellesdansane på øvingane i Leikarringen i løpet av våren. Så det er berre å henge på!.



Eg ynskjer alle medlemmene eit godt og aktivt BUL år i 2012!
Anne Marie



OPPSLAG